Ombygging av dammar i Lærdal kommune

Sist endret: 07.06.2011

Østfold Energi er pålagt av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) å utføre omfattande ombyggingsarbeid på fleire av dammane til Borgund Kraftverk.

Det er viktig å merke seg at pålegget ikkje er gitt fordi anlegga utgjer ein sikkerheitsrisiko, men fordi ein ynskjer at anlegga skal verte endå sikrare enn i dag. Arbeida vert utført som følgjer:

  • Dam Øljusjøen: 2008–09
  • Dam Vassetvatn: 2009–10
  • Dam Sulevatn: 2011–12
  • Dam Store Juklevatn: 2011–13
  • Dam Vesle Juklevatn: 2011–13
  • Dam Kvevotni: 2014–16

Arbeida vil ikkje permanent endre verken høgaste eller lågaste regulerte vasstand i magasina bak dammane. Det vil heller ikkje medføre endring i måten Østfold Energi i dag brukar vatnet på. Utsjåande på dammane er det einaste som vil verte endra.

Grunna anleggstekniske tilhøve, vil Sulevatn i 2011 og Juklevatna i 2012 verte heldne under lågaste regulerte vasstand.

kvevotni_demning_550
Dam Kvevotni

Bakgrunnen for pålegga

Østfold Energi sine dammar i Lærdal kommune er bygde mellom 1970 og 1974. Den gongen var dambygging i Noreg ikkje underlagt eit formelt regelverk, men vart utforma etter generelle ingeniørtekniske krav kvar for seg. Fyrst i 1981 vart den fyrste myndigheitspålagte føreskrifta utgitt av NVE. Dette la grunnlag for at seinare bygde dammar fekk ei meir standardisert utforming.

Føreskrifta frå 1981 er i dag erstatta av ei rekkje liknande og meir omfattande føreskrifter og retningslinjer.

Sjølv om våre dammar no har stått i over 30 år utan teikn på feil eller manglar, er det slik at dameigarar til ein kvar tid må rette seg etter gjeldande standardar. Dette medfører altså at NVE etter sin siste kontroll av våre anlegg har pålagt oss å bygge om dei nemnte dammane slik at dei vert i tråd med dagens føreskrifter og retningslinjer.

Kontaktperson

Dagfinn BentåsVassdragsteknisk ansvarligTlf. 90275417Send e-post

Bildearkiv