Ombygging av dammar i Lærdal kommune

Sist endret: 12.05.2016

Østfold Energi er pålagt av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) å utføre omfattande ombyggingsarbeid på fleire av dammane til Borgund Kraftverk. Sidan 2008 har Østfold Energi bygd om fem dammar i Lærdal kommune, og sommaren 2016 startar arbeidet med dam Kvevotni.

Dam Kvevotni ble bygget i 1972-1974. Kotehøgda på toppen av den noverande dammen er 1476,6 meter, noko som truleg gjer dammen til Norges høgast liggjande fyllingsdam. Det er viktig å merke seg at pålegget ikkje er gitt fordi anlegga utgjer ein sikkerheitsrisiko, men fordi  anlegga skal verte endå sikrare enn i dag.

 

Framdriftsplan for dam Kvevotni

2016  Arbeidet startar på den sida av dammen som vender bort frå vatnet.
   

2017 

Arbeid startar på den sida av dammen som vender inn mot vatnet. Magasin Kvevotni vil derfor vere tomt heile året og tilkomst til dammen vil heller ikkje være mogleg. 
   
2018 Ombygginga avsluttas ved at det vert  gjort arbeid på toppen av dammen samt tilstelling av areala rund. 

 

Arbeida vil ikkje permanent endre verken høgaste eller lågaste regulerte vasstand i magasinet bak dammen. Det vil heller ikkje medføre endring i måten Østfold Energi i dag brukar vatnet på. Utsjåande på dammen er det einaste som vil verte endra. Det leggjast stor vekt på gode tekniske løysningar, miljøomsyn og estetikk i arbeidet.

 

Vegen stengd i periodar

Anleggsvegen til dam Kvevotni er som vanleg stengd med bom og hengelåsar i Øyri. Mellom Okkegrovi og Dam Kvevotni vil vegen berre vere open for andre enn Østfold Energi mellom midten av juli og fram til midten av oktober i alle dei tre åra ombygginga gjeres. Det må dessutan påreknast korte- og langvarige stengingar grunna arbeida. All parkering og stopp inne ved Dam Kvevotni vil finne stad ved hyttene. Ein ber ålmenta utvise aktsemd i samband med tung anleggstrafikk både langs anleggsvegen og inne ved dam Kvevotni.

I 2017 vil vegen av sikkerheitsgrunnar vere stengt ved Hallingskeidsanden heile året.

 

Vil du vite meir?

For meir informasjon, kan arealplanen for prosjektet lesast. Denne gjer rammene for korleis anlegget skal driftas i høve til naturverdiar og terrenginngrep. Østfold Energi har eit godt samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og har alle dei løyva og dokumenta som er krevd.

Følg også arbeidet på Facebooksida til Dam Kvevotni.

Dam Kvevotni liten

Dam Kvevotni

Dam Kvevotni

Ein ser Dam Kvevotni  nedst til venstre på kartet.  


Bakgrunnen for ombygging av dammane

Østfold Energi sine dammar i Lærdal kommune er bygde mellom 1970 og 1974. Den gongen var dambygging i Noreg ikkje underlagt eit formalisert regelverk, men vart utforma etter generelle ingeniørtekniske krav kvar for seg. Fyrst i 1981 vart den fyrste myndigheitspålagte føreskrifta utgitt av NVE. Dette la grunnlag for at seinare bygde dammar fekk ei meir standardisert utforming.

Føreskrifta frå 1981 er i dag erstatta av ei rekkje liknande og monaleg  meir omfattande føreskrifter og retningslinjer frå 2010.

Sjølv om våre dammar no har stått i over 40 år utan teikn på feil eller manglar, er det slik at dameigarar til ein kvar tid må rette seg etter gjeldande regelverk. Dette medfører altså at NVE etter sin siste revisjon av våre anlegg har pålagt oss å bygge om våre dammar slik at dei vert i tråd med dagens føreskrifter og retningslinjer.

Ferdige ombyggingar:

  • Dam Øljusjøen: 2008–09
  • Dam Vassetvatn: 2009–10
  • Dam Sulevatn: 2011–12
  • Dam Store Juklevatn: 2011–14
  • Dam Vesle Juklevatn: 2011–14

 


Kontaktperson

Dagfinn BentåsVassdragsteknisk ansvarligTlf. 90275417Send e-post

Bildearkiv