– Som konsulent var eg sjeldan på befaring, og hoppa frå prosjekt til prosjekt. Eg savna å sjå samanhengen. No er eg meir hands-on i kvardagen, og den er mykje meir variert, seier Torbjørn Kirkevold. 

Trivast: Torbjørn trivast på Borgund kraftverk i Lærdal, som står for ein stor andel av kraftproduksjonen til Østfold Energi. Her med Lærdalselvi i bakgrunnen.

Småbruk på Borgund

Han starta som prosjektleiar og fagansvarleg for bygg i Østfold Energi i fjor. Før det var han i COWI, der han jobba som bruingeniør med prosjekter rundt om i heile landet.  

Med småbruk på Borgund og familie på seks ønskte han å få meir innverknad på eigen kvardag. 

– Det er givande å få utvikle prosjekt der eg bur og vere med å bygge verdiar i lokalsamfunnet mitt, seier Torbjørn. 

 

Enklare kvardag: Firebarnsfaren Torbjørn set pris på å jobbe nær småbruket på Borgund. 

Østfold Energi søker nye kollegaer

Sjå ledige stillingar

41-åringen er sivilingeniør innan byggteknikk med utdanning frå Høgskulen i Bergen og NTNU i Trondheim. 

Det var naturlig for meg å ta utdanning innan realfag, men det var ikkje heilt openbart for meg kva retning eg skulle gå. Eg byrja faktisk på eit matematikkstudium, fortel han.


Spennande og utfordande

Akkurat no er Torbjørn involvert i nye Gravdalen vasskraftverk i Lærdal. På 1200 meters høgd over havet byggjer dei ein ny vasskraftstasjon. Torbjørn har blant anna ansvar for betongkonstruksjonane.

– Gravdalen er eit av få nye vasskraftprosjekt i Noreg. Her byggjer vi langt inne i fjellet med minst mogleg påverknad på naturen, og vi brukar blant anna elektrisk tunellboremaskin. Målet er å bli ferdige til hausten 2026, før villreinen er planlagt reetablert i området, seier han.

– Å jobbe så langt oppe i fjellet er både spennande og utfordrande. Det har vore kontinuerlig drift gjennom heile vinteren, og no i sommarhalvåret skal blant anna mykje stort og tungt utstyr fraktas opp smale og svingete anleggsvegar.

 

Kraft til fjells: Torbjørn jobber med nye Gravdalen kraftverk, 1200 meter over havet.

 Anbefaler arbeidsplassen

Han skryter av arbeidsmiljøet på Borgund, som han meiner er både inkluderande og sosialt. Totalt er dei 20 kollegaer på Borgund kraftverk som arbeider med alt frå drift og vedlikehald til miljøforvaltning og utvikling av nye prosjekt. 

–– Arbeidsmiljøet er prega av positivitet, godt humør og engasjement. Folk er hjelpsame og jobbar saman mot dei same måla,  seier han. 

 

Høy produksjon: Borgund kraftverk åleine produserer om lag 1 TWh i året. Det samla nedslagsfeltet er på heile 404 kvadratkilometer.

Borgund kraftverk er hjartet i kraftproduksjonen til Østfold Energi. I fjor var det 50 år sidan gigantprosjektet stod klart i Lærdal, og det har sidan den tid vore eit nært samarbeid mellom Østfold Energi og lokalsamfunnet i Indre Sogn. 

Selskapet har også stor vasskraftproduksjon i Årdal, samt drift og vedlikehald av fleire kraftverk. No satsas det vidare på vasskraft og fleire nye fagfolk har blitt anset i Indre Sogn.

To nye stillingar er ute no: Prosjektleiar for vasskraft og teknikar OT og Telecom.  

Torbjørn er ikkje i tvil om at han vil anbefale andre å søke.

– Mange vil finna glede i å jobba ein slik stad. Arbeidsdagen er variert og det er givande å ha eigarskap til det du gjer. Jobben her kjennest viktig, seier han.

Frå elektrikar til driftsoperatør

Ein annan som trivst i jobben, er 26 år gamle Ida Sjøthun. Ho starta som driftsoperatør i 2022, men vegen til kraftbransjen var ikkje sjølvsagd.

– Eg jobba som elektrikar på Lærdal sjukehus før, men det er noko heilt anna her. No har eg lært mykje om korleis generatorar og turbinar er bygde opp, seier Ida.

Årleg vedlikehald: Ida framfor ein av generatorane som vert opna og inspiserte for å sjekke at alt fungerer 100 prosent

Akkurat no er ho i gang med den årlege revisjonen i Borgund kraftverk, ein kilometer inne i fjellet.

– Vi plukkar frå kvarandre anlegga og sjekkar at alt er som det skal, og utfører vedlikehald der det trengs. Det er spennande, og eg lærer noko nytt kvar dag. Denne jobben gjer vi også på dei andre stasjonane våre i Lærdal og Årdal, fortel ho.

Ida angrar ikkje på at ho bytte beite. Ho synest arbeidsmiljøet på Borgund er passe stort til at ein får både faglege utfordringar og utvikling, samtidig som ein får meir ansvar enn i større selskap.

– Arbeidsplassen er som min andre familie. Det er eit utruleg godt arbeidsmiljø her, med stor takhøgd, godt samhald og mykje humor, avsluttar Ida.

Les meir om Østfold Energi og sjå alle ledige stillingar

 

Sjå korleis vi driv nøymåling til fjells


Les flere nyheter